DAGSTURER

FLELLVANDRING

PÅ FJORDEN


SMÅTURAR I NÆRMILJØET


ARBORETLØYPA - DRAGSVIK

På Lunde er det ei fin lett opparbeidd løype som startar på parkeringsplassen like ved Lunde prestegard. Her finn ein også eit unikt arboretum med om lag 150 artar og tresortar frå heile verda, frå Kina, Himalaya, Korea, New Zealand etc. Den første vart planta på 1800 talet. Mest kjent er Apeskrekktreet som er målt til å vere det største i Skandinavia. Elles er tre andre treartar dei største i Norge. Langs fjorden er det tilrettelagt ein offentleg badeplass med benkar, bord og stupebrett. Langs vandreløypa er det også plassert benker og der er idylliske utsiktspunkt. I løypa kan du finne eit stille hjørne heilt for deg sjølve og nyte den vakre naturen og utsikten.

KLIBBERG NATURSTI - DRAGSVIK

Turen startar ved infotavla ved Lunde Bustadfelt. Ruta er ei lett terrengløype, stien går først ein runde rundt åsen Klibberg, Langs løypa finn ein fleire benkar som er fine å stoppe på, ofte med god utsikt. Etter runda om Klibberg fortset stien ned mot fjorden der den kryssar riksvegen og fylgjer vekselsvis gamle gardsvegar og tilrettelagte stiar. Langs fjordkanten er det fine svaberg for fjordfisking med stang eller berre for å setje seg ned og nyte fjord-landskapet. Stien endar på Dragsvik Ferjekai. Det er nyleg funne buplassar ved Klibberg som skriv seg frå yngre steinalder, om lag 8000 år sida n. På grunn av landhevinga var desse buplassane sannsynlegvis i strandkanten.

KREKLINGEN NATURSTI ( 90 – 250 m.o.h.) BALESTRAND

Start ved Belehalli idrettshall som er ca 2 km frå Balestrand sentrum. I fyrste del av stien kan du lesa plakatar om flora og fauna. Følg deretter skilt mot Granlia/Skåsheim og gul merking. Frå Granlia kan du anten følgja gul merking til San dstølen (kort rute) eller til Skåsheim (lengre løype). Dekket på stien er grus/gras og den er ca 50-60 brei. Joggesko er godt eigna og vegen kan nyttast til off-road sykling.

KULTURVANDRING I BALESTRAND SENTRUM

Det er fint å vandre gjennom Balestrand si historie og notid frå kaien i sentrum, sjå Kviknes Hotel frå fjordsida, vandre langs den idylliske Vil lavegen langs fjorden, sjå over 100 år gamle kunstnarvillaer, besøke St Olavs kyrkje, Gravhaugane frå vikingtid og statuen av kong Bele. Langs vegen finn du informasjonstavler som fortel om det du ser. Lengd er på ca 3,5 km langs fjorden – lett vandring på veg.


FJELLTURAR


TJUATOTEN (50-1098 m.o.h.)

Turen startar like ved hotellet ved å gå opp til st imerket ved rundkøyringa, forbi startpunktet til Klibberg natursti til parkeringsplassen ved Lun de bustadfelt.

Tjuatoten er ein fjellrygg som stikk majestetiske 1098 m opp av fjorden, med fleire gode utsiktspunkt over Sognefjorden, og til alle dei næraste fjordarmane, Esefjorden, Vetlefjorden og Fjærlandsfjorden. Første 400 meter fylgjer skogs veg. Rikt dyre og planteliv langs vegen. Første store utsiktpunkt er ved Mastene (fjordspenn a for kraftlina) er det flott utsikt mot Balestrand og Esefjorden. Herfrå til Storesteinane er det flatare terreng i bjørkeskog. Frå Storesteinane blir det brattare opp mot toppen. Uslåeleg utsikt frå toppen og det er vel verd slitet å gå heilt opp. Ynskjer du ei enda meir spektakulær utsikt; ta ein avstikkar frå toppvarden vestover, då kjem ein fram til kanten på stupet ned mot Esebotn, kring tusen meter rett ned. Her oppe, vest for varden kan ein o gså sjå konturane av eit gamalt solkors bygd opp med steinar.

LUNDESTØLEN

Turen startar ved infotavla i Lunde bustadfelt. Det te er ei variert rundløype som går opp gjennom tunet til Solveig og Rolf Haukaas sitt emal jeverksted. Vidare er det korte stigningar i ei skogli med gamle eiketre og så gjennom eit flata reparti med tett granskog og mjuk mosebotn. På det høgaste punktet møter ein rute 12 frå Tjuatoten og fyl denne nedover, først mot Lundestølen som ligg på ein avstikkar ca 30 m frå stien, og vidare ned til skogsvegen som ein går på siste stykket.

RAUDMELEN (972 m.o.h)

Ved idrettshallen i Balestrand startar dei merkana turstiane. Vi vel rød løype mot Raudmelen. Turen går først langs den merka natur/informasjonsstien (som er en alternativ enkel tur. Den er barne/familievennlig med mange tilrettelagte bål/rasteplasser langs vegen – totalt ca 5 km merka løyper.), men vi vel snart å ta av frå denne og følgjer rød løype oppover i lia. Etter ein forholdsvis bratt stigning er det godt med en pause på Orrabenken (370moh). Nydelig utsikt over Balestrand sentrum og Sognefjorden. På klare dagar kan vi sjå heilt til Hurrungane i Jotunheimen herfrå.

Dei som har gått oppover lenge nok, kan no velje blå løype via Bala- og Fjærestadstølen vidare frå Orrabenken (Total tid på denne alternati ve turen er 3-4 timer).

Forset vi vidare oppover kjem vi til Buråsi (575moh ) og vi ser vi at det var vel verd strevet. Eit fantastisk panorama over Sognefjorden opnar seg og vi har utsikt til alle kantar. Etter å ha fått litt å drikke (NB – det er ingen drikkekjelder langs turen, så ta med godt med vatn) på benken der oppe går vi vidare mot toppen. Vi går no langs ryggen på fjellet og har god utsikt ned begge sider av fjellet. På den eine sida er det grøne lier ned mot Balestrand og på den andre dramatisk fjellvegg ned mot Esedalen. På topp en blir du lønna av en fantastisk utsikt over midtre Sognefjordområdet. Etter avslapping, nytt utsikten og kanskje litt mat, er det berre å returnere nedover same veg som opp.

GAULAR FJELLET-FOSSESTIEN

Gaularfjellet ligg nord i Balestrand kommune, ca 45 km frå sentrum. I elva Gaular kan ein fiske både aure og laks. Hugs å kjøpe fiskekort. På veg oppover fjellet køyrer ein gjennom 9 hårnålsvingar og vel oppe kan ein nyte fantastisk utsikt. Gaularfjellet byr på fantastiske fiskemoglegheiter og turterreng og er ideell for heile familien.

Fossestien

Fossestien er ein vandreveg frå Gaularfjellet til Viksdalen, 21km med høgdeskilnad på 500meter. Stien fylgjer gamle stiar opptrakka av dyr og menne ske. På strekninga er 14 større fossar og 7 vatn. Denne flotte naturstien fylgjer den eine greina av Gaularvassdraget, som vart varig verna i 1993 etter mange års strid. Fossestien er tydeleg merka med raud F, retningspiler, namneskilt og avstandar. Vandringa går vekselvis på sti, trebruer og klopper langs elva og ulikt skogsterreng. Du passerer fleire stølsområde og ein støl er framleis i drift. Nedste del har eit trongt juv med bratte sider - ein cany on.

Stien går gjennom frodig vegetasjon med rikt dyre og fugleliv, men også forbi kulturlandskap og aktiv gardsdrift. Langs stien finst mykje skogsbær og sopp av mange slag. Det er kjø (småaure) langs heile elva og i alle vatna. Fiskekort kan du løyse på Hov Camping.

Vandringa går vekselvis på sti, trebruer og klopper langs elva og ulikt skogsterreng. Du passerer fleire stølsområde og ein støl er framleis i drift. Nedste del har eit trongt juv med bratte sider - ein canyon. Stien går gjennom frodig vegetasjon med rikt dyre- og fugleliv, men også forbi kulturlandskap og aktiv gardsdrift. Langs stien finst mykje skogsbær og sopp av mange slag. Det er kjø (småaure) langs heile elva og i alle vatna. Fiskekort kan du løyse på Hov Camping.

SAURDALEN

Saurdalen, ein dal som ligg forbi Balestrand sentrum mot Høyanger. Hit kjem ein seg berre med bil, men dalen har eit fantastisk landskap våde for fotturar om sommaren og hausten, og i tillegg på vinteren med flotte skiturar.

På utsiktenpunktet langs den ein ruta er det stor slått utsikt tilbake til Balestrand, Dragsvik, fjord og fjell! Elles er det fleire ruter å velje mellom. Ei rute er til Bukkaberg, godt merka med kvite steinvardar. Følg fyrst rute 5 forbi skilt til Hanevikelvi og vidare til skilt Hanevikstølen. Her går ein på gamal stølsveg innover Saurdal med god utsikt over elva. I utløpet av Målsnesvatnet må ein passere over brua for å komme over til Hanevikstølen. Ruta følgjer fjellplatået mellom Storavarden (i sør) og Bukkaberg (i nord) fram til Fagravassdalen der ein møter rute 9. Moderat lett rute med mangfald i fjelldalar, utsikt, vassdrag, fjellplatå, brear m.m

DAGSTURER

Det ideelle utgangspunkt

Hotellet vårt ligg midt i Sognefjorden og er ideell base for å dra på dagsturar til Jostedals – brèen, til kysten for å besøke vakre øyar og du kan ta fjordturar på Nærøyfjorden som er på UNESCOs verdsarvliste. Mykje meir kan du oppleve.

FJELLVANDRING

Anbefalte fjellturar

I dette landskapet er det unike turmuligheiter til fjells og ved fjorden. Du kan bestige høge fjelltoppar og oppleve den mest spektakulære utsikt. Mange vandreruter er moderate også med god utsikt. Alle godt merka i ulike vanskegrad.

PÅ FJORDEN

Vakkert frå fjordsida

Å utforske naturen frå fjorden kan vere ei stor opp leving. Der ser ein verkeleg kor mektige fjella er. Du kan bli med på båt tur med Rib. Turar fører deg til fossefall lenger inne i fjorden og til veglause grender på sørsida av Sognefjorden.

DROP IN

DROP IN